Ny moglegheit for gratis kurs i barneyoga! 

Påmelding via QR-kode, frist 24. februar - Sjå vedlegg nederst på sida 

Helga 28. februar – 02.mars kjem Tove- Iren Kvanmo frå Nordstjerna barneyoga tilbake til Gaupne. 

Veldig mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane som var med på kurs i januar:

Kurset er for alle tilsette og føresette i Lustrabarnehagane/skulane og Sogndalsbarnehagane/skulane. 

Føresette og tilsette får opplæring i konkrete verktøy som dei kan nytte i til dømes 

  • kvilestund i barnehagen
  • samlingsstund inne, ute 
  • undervisninga for å hjelpe elevane til å lande, vere til stades her og no
  • pauseaktivitet, hjernepause
  • aktivitetar for å styrke klassemiljøet 
  • på sengekanten med barnet sitt
  • før ungane skal gjere noko dei gruar seg til 
  • mm

Kurset gir også deg som vaksen nyttige verktøy: 

  • Korleis bli kjent med deg sjølv 
  • Finne ro og redusere stress i møte med livet

Flott om du kan sende invitasjonen til alle tilsette og føresette. 

Dette er eit tilbod mange vil sette pris på i ein hektisk kvardag. 

Program: 

Stad: Gaupne ungdomsklubb

Tid: Fredag kl. 18.00- 21.00: Felles for alle. 

Laurdag kl. 10.00 – 14.00 eller søndag kl. 09.00-13.00. 

inkl. pause m/småmat. 

Familieyoga

Barneyoga for tilsette og føresette