Hausten 2024 starta Leikanger ungdomsskule opp med ein mottaksklasse for elevar på ungdomstrinnet. Dette er eit tilbod for ungdommar i ungdomsskulealder som bur på asylmottaket på Knausen. Elevane får opplæring etter Læreplan i grunnleggende norsk for språklige minoriteter (NOR07‑02) | udir.no. Klassen er organisert på tvers av klassetrinn. Elevane får individuell rettleiing og tilpassing i og utanfor klasserommet, ikkje minst fordi dei kjem til ulike tider gjennom skuleåret. 

Me nyttar visuelle hjelpemiddel, ulike aktivitetar, spel, matlaging i språklæringa. Elevane er med på butikken for å handle og me går tur i bygda for å bli kjende. I tillegg deltek elevane i praktisk estetiske fag som musikk, kroppsøving og kunst og handverk, i dei ordinære klassane på skulen vår. 

Elevane har same timetal som dei andre, og følger vanleg skulerute.