Rektor kan frita elevar jf. § 9-24 i grunnskulen frå eksamen etter søknad frå foreldra, viss det ligg føre tungtvegande grunnar. Dette gjeld uavhengig av dei andre fritaksreglane. At det må liggja føre tungtvegande grunnar inneber at det skal svært mykje til for å gi fritak frå eksamen. Det er rektor som avgjer om grunnane er sterke nok til å gi fritak, og som må fatta enkeltvedtak om fritak som det kan klagast på til Statsforvaltaren.

Døme på kva som kan gi rett til fritak frå eksamen:

Store spesialpedagogiske tiltak

Elevar som har søkt GU/Kombinasjonsklasse på vidaregåande skule

Dersom det er fatta enkeltvedtak om fritak frå vurdering med karakter i fag, treng du ikkje søkje om fritak for eksamen i tillegg.

Elevar som er friteken frå vurdering med karakter skal ikkje trekkjast ut til eller delta på eksamen. Kandidatar som har fritak for vurdering med karakter i skriftleg sidemål skal berre ha ein eksamensdag i norsk hovudmål.