Standpunkt

Ein standpunktkarakter er den avsluttande karakteren du får i faget, som skal vise den samla kompetansen du har oppnådd. Det er standpunktkarakteren som kjem til å stå på vitnemålet ditt frå ungdomsskulen.

Dersom du ønskjer å klage på standpunktkarakter:

Eleven har rett til å klage på alle standpunktkarakterar dersom eleven meiner at gjeldande reglar for fastsetting av standpunktkarakter ikkje er følgt. Eleven har òg rett til å klage dersom eleven ikkje har blitt vurdert i faget (vedtak om IV). Skulen skal informere elevar og føresette om retten til å klage, klagefrist og kva klagen kan innehalde. 

  • Klage på standpunktkarakter sender du til skulen din. Fristen for å klage er 10 dagar.
  • Dersom du ønskjer å vite kvifor du har fått karakteren din, kan du be om grunngjeving før du klagar. Fristen for å be om grunngjeving er ti dagar. Når du har fått grunngjevinga må du sende klagen til skulen innan ti dagar.
  • Klagen må vere skriftleg og underskriven av deg eller foreldra dine. Er du under 15 år må foreldra dine samtykke til klagen. 
  • Grunngje kvifor du klagar. 
  • Klagebehandlinga kan føre til at karakteren blir ståande, eller at karakteren blir sett opp eller ned.
  • Klagen sendast til skulen.

Det er ikkje klagerett på undervegsvurderinga. 

Kva gjer Statsforvaltaren i saka? 

Dersom du klagar på standpunktkarakteren, vil Statsforvaltaren sjå på om skulen har følgd reglane som gjeld for fastsetting av standpunktkarakterar. Vi vurderer ikkje om du har fått rett karakter ut frå det faglege nivået ditt. Du finn meir informasjon om standpunktvurdering ved å trykkje på denne lenkja som tek deg til nettsidene til Utdanningsdirektoratet

Eksamen

Les om klage på eksamenskarakter her