Henta frå § 9-44. (opplæringsforskrifta)

"Ein elev eller foreldra til eleven kan krevje at opp til ti fråværsdagar i løpet av eit skoleår ikkje blir førte på vitnemålet, dersom

  • det er dokumentert med legeattest at årsaka til fråværet er sjukdom eller andre helseforhold
  • eleven har fått godkjent permisjon etter opplæringslova § 2-2 fjerde ledd.

Fråvær på grunn av sjukdom eller andre helseforhold må ha vart i meir enn tre dagar for ikkje å bli ført på vitnemålet, og det er berre fråværet frå og med den fjerde dagen som kan strykast. 

Dersom ein elev har ein dokumentert risiko for fråvær på grunn av nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom, kan fråværet likevel strykast frå og med den første fråværsdagen."

Innvilga permisjon kan strykast frå første dag.